Klart for ny stormfestival
I helga blir det liv og røre i Måløy når 14 korps møtest til stormfestivalen til Torskangerpoll Musikklag.

Takk til
- Det blir fargerikt, og garantert mykje musikk, liv og røre i Måløy
i helga, 4. 5. og 6. september.
Det lovar leiar Johan Einar Wåge i Torskangerpoll Musikklag, som arrangerer
”Stormfestival 2009”.
Dette har blitt eit heilt spesielt treff for korpsfolk som Torskangerpoll Musikklag
frå Vågsøy arrangerer kvart tredje år, og som i år
blir arrangert for sjuande gong.
- Her er det ikkje spele- eller konkurransepress. Dette er ein uformell festival
med laus snipp, vind i håret og masse godt humør, seier Wåge.
Det er god påmelding til festivalen i år. 14 korps og rundt 350
deltakarar. Det tolkar Wåge som eit teikn på at dette er eit arrangement
som er populært, og som har skapt seg eit godt rykte i korpsmiljøet.
Wåge fortel at det kjem korps frå Raufoss i sør og til Trondheim
i nord. Fleire av korpsa har vore her fleire gonger tidlegare.
Stormveteranar
Raufoss Musikkorps reiser i åtte timar for å komme på festivalen.
Dei har vore her på alle sju festivalane. Dei er naturlege stormveteranar,
og har fått eit spesielt forhold til folk og distriktet her.
- Men det er svært gledeleg at det dukkar opp nye korps, seier Wåge.
Han trur dette blir ei flott helg med mykje humor, kultur, musikk og liv og
røre.
Korpsa kjem fredag, og då er det lukka blikjendkveld for korpsa i Samfunnshallen.
Kostymeparade
Laurdag føremiddag blir det kostymeopptog i Måløy sentrum.
Korpsa har fått i oppdrag å stille i kostymer og med fengande underhaldningsmusikk.
Dei tre artigaste innslaga vil bli premiert.
- Her kan vi få oppleve litt av kvart, lovar Wåge. Dei tidlegare
festivalane har synt at fantasien og kreativiteten blant festivaldeltakarane
er stor.
- Mange har funne seg tema som dei kler seg ut etter, og krydrar dette med svingande
song og musikk. Vil tru at dette kan bli ei festleg førestilling, seier
Wåge
På Torget blir det korpstreff med fleire hundre musikantane i eit storkorps.
Rorbufest
Laurdag ettermiddag skal alle korpsdeltakarane på rorbufest i Torskangerpoll.
- Det blir ei stor utfordring å få frakta alle deltakarane ut til
dette spesielle rorbumiljøet. Vi skal ha ut og inn mange bussar på
rimeleg kort tid. I Torskangerpoll får festivaldeltakarane få vere
med på fisketur, det blir konkurransar, og lett underhaldning. Deltakarane
får servert tørrsild og stormsuppe, og det blir og guida turar
til Kannesteinen, fortel Wåge.
Søndag føremiddag blir det avslutting i Nordfjordhallen der alle
korpsa er med. Dette er ope for publikum.
Stor innsats
- Dette er eit stort arrangement, som byggjer på gratisarbeid og dugnad.
Over åtti personar er involvert som vertskap, og det er mange som legg
ned ein stor jobb for at dette skal bli eit vellukka arrangement, seier Wåge.
- Sjølv om det er ein stormfestival, så håpar vi likevel
på at det skal bli godt vêr i helga. Uansett er vi opptekne av at
folk skal kose seg, og at vi kan vere eit godt vertskap som kan profilere den
flotte naturen vi har på ein positiv måte, seier Wåge.
Korpsa som er med
Korpsa som blir med på stormfestivalen er: Alversund Musikklag, Averøy
Ungdomskorps, Bispehaugen Ungdomskorps, Frei Hornmusikk, Fræna Musikkorps,
Musikklaget Melshorn, Førde Ungdomskorps, Måløy Musikklag,
Nørvøy Ungdomskorps, Otta Musikkforenin, Raufoss Musikkorps, Valestrand
Musikklag, Vestre Gausdal Musikkforening, Ørsta Hornmusikk.
Her er stormkorpsa 2009
Stormfestivalen nærmar seg.
Her er korpsa som er påmelde til festivalen 4. 5. og 6. september.
Otta Musikkforening
Alversund Musikklag
Vestre Gausdal Musikkforening
Averøy Ungdomskorps
Valestrand Musikklag
Nørvøy Ungdomskorps
Raufoss Musikkorps
Bispehaugen Ungdomsk
Fræna Musikkorps
Frei Hornmusikk
Måløy Musikklag
Ørsta Hornmusikk
Førde Ungdomskorps
Musikklaget Melshorn
Det blir rundt 330 deltakarar i 2009, så dette kan bli ei storarta helg.
Her kan du sjå kva korps som har vore med
tidlegare
Planlegginga er i full sving.
Klart for ny stormfestival i 2009

4. 5. og 6. september er det klart for ny stormfestival i Torskangerpoll, Måløy i Sogn og Fjordane. Dei første korpsa har allereie meldt si interesse for denne litt uvanlege korpsfestivalen.
På denne sida vil det komme ny informasjon.
Er du interessert i å melde deg på, så kan du:
eller laste ned uforpliktande påmeldingsskjema her.
Her kan du sjå annonsen om festivalen i 2009
Last ned og print ut brosjyren til festivalein i 2009
Her kan du lese om festivalen i 2006
Her kan du sjå Stormfotografen si nettside