
Dette skreiv Fjordenes Tidende etter konserten:
”Månemanen” imponerte
Alexander Pavelich song Månemann, og både han og Torskangerpoll Musikklag serverte nok ein flott og svingande nyttårskonsert.
Den unge eidaren var gjestesolist under Torskangerpoll Musikklag sin nyttårskonsert
i Samfunnshallen sist helg. Og han imponerte både som songsolist og på
slagverkinstrument.
Standal Pavelich song Vamp sin Månemann, og det svinga skikkeleg og han
fekk trampeklapp. Sjarmerte gjorde også ni år gamle Tiffany Huston
som var solist på ”Himmel på jord”.
Torskangepoll Musikklag sin dirigent, Lisbeth Helen Våge, hadde valt ein
lett sjanger med svingande populærmusikk. Fleire av korpset sine medlemmer
var soliastar, og det heile var krydra med litt humor og ein lett tone.
Det vart ein flott konsert der også Stormklang og Vedvik Brass også
var med. Dei har sidan i fjor haust samarbeida all den tid dei har felles dirigent,
Roar Ståle Vedvik.
Det let fint med korpset og koret, og dei fekk mykje applaus. Spesielt artig
var siste stykket deira, ”Stakkars store sterke karar”. Der fekk
vi høyre å sjå om livet til dei som forsvarar konge og fedreland.
Ottar Refvik, Ottar Nygård, Ole Mathisen og Jarl Vedvik var solistar her.
Leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge, seier dei er godt
fornøgd med konserten.
- Vi har fått mykje skryt og positive tilbakemeldingar. Folk seier dei
likte det dei fekk servert. Dette er ein fin måte å starte det nye
året på, seier Wåge om den femte nyttårskonserten av
dette slaget som er arrangert.
- Nesten alle stolane vi hadde sett fram var fulle. Vi hadde rundt 270 på
konserten, seier Wåge.
Wåge seier at dei planlegg ny konsert neste år, og ser ikkje bort
ifrå at dei inviterer med seg gjesteinnslag også då.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Dette var førehandsomtalen:

Klart for ny nyttårskonsert med Torskangerpoll Musikklag, Stormklang og Vedvik Brass
Lørdag 6. januar
Kl. 17.00
i Samfunnshallen
med
Torskangerpoll Musikklag
med solister - Dirigent: Lisbeth Helen Våge
Stromklang og Vedvik Brass
Dirigent: Roar Ståle Vedvik
Billetter: 100 / 50.-
Starter året med svingande nyttårskonsert
Torskangerpoll Musikklag, Stormklang og Vedvik Brass startar det nye året med ein svingande populærkonsert lørdag 6. januar.
Torskangerpoll Musikklag fører vidare tradisjonen med å starte
eit nytt år med konsert i Samfunnshallen.
- Dette er femte gongen vi arrangerer nyttårskonsert. Vi føler
dette er ein fin måte å feire eit nytt år på, seier
leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
I år er kret Stormklang frå Raudeberg med. Dei har eit musikalsk
samarbeid med Vedvik Brass, som har medlemmer frå Nord-Vågsøy.
Dei har felles dirigent, Roar Ståle Vedvik, og desse skal ha eit opplegg
i saman på nyttårskonserten.
- Vi har det fint saman, og trur at publikum vil like det vi serverer, seier
Roar Ståle Vedvik.
I år er det Lisbeth Helen Våge som dirigerer Torskangerpoll Musikklag
som arrangerer konerten.
Ho seier det blir ein variert konsert med populære slagarar, svingande
melodiar og musikalske svisker.
Tidlegare i år vart Torskangerpoll Musikklag nummer 3 i fylkesmeisterskapen
for korps. Dei som møter opp vil få høyre deler av programmet
som vart framført under meisterskapen.
- Det blir solistar og mange fine prestasjonar av eit korps som er i god form.
Vi har arbeidd med stoff til denne konserten i heile haust, og er no spent på
om vi klarer å lokke folk ut av godstolen 3. nyttårsdag, seier Våge.


John Inge og Lina som solistar.