
Målet med restaureringa av det gamle skulehuset var, utanom å etablere
Kulturhistorisk Samling, å opne huset for aktivitetar av ymse slag. Etter
to vellukka tilskipingar, ønskjer vi no å samle alle dykk som sit
heime i stova, eller i kjøkenkroken, med ein eller annan hobby eller
handtverksaktivitet, til å møtast i hyggjeleg lag for å utveksle
erfaringar og kanskje lære noko av kvarandre. Vi er opptekne av å
vidareføre gamle gode tradisjonar og vonar difor at mange lærevillige
unge kan få med seg nyttig kunnskap.
Vi tenkjer å ha eit hovudtema innan handarbeid og mattradisjon på
kvart treff, og på dette treffet vil vi vise - SEISING AV GLASKULER –
noko som var ein daglegdags aktivitet i fiskaryrket før. I dag vert vel
desse kulene mest nytta til dekorasjonar. Vi freistar også å få
i stand eit kurs i laging av Thailandsk VÅRRULL.
Sjølvsagt vert det høve til å kjøpe både vårrull
og heimelaga norsk kaffimat.
Vi ser fram til ein koseleg kveld med litt underhaldning, ein filmsnutt eller
to og kanskje ei lita utlodning. Det hadde vore fint med heimelaga gevinstar
til lotteriet, så dersom nokon av dykk kan avsjå ein ting til dette
formålet, er vi takksame for det.
Kan du tenkje deg å bidra til utvikling av eit ennå trivelegare
bumiljø i Vestre Krets, og delta på dette hobbytreffet, så
ta kontakt med oss for nærare opplysningar eller påmelding.
Du er også hjarteleg velkomen til berre å sjå kva andre driv
med, eller berre være i sosialt lag.
Du kan ringe: Harald Oppedal tlf.: 92460370
Asbjørn Våge tlf.: 45633338
Vel møtt til ein triveleg kveld i Gravdal.
Helsing Gravdalgruppa i Torskangerpoll Musikklag