Draum-reprise på nyttårskonsert
Nokre
av dei som reiser langt for å vere med på nyttårsmkonserten.
Torskangerpoll Musikklag sin nyttårskonsert 5. januar blir blant anna nytt møte med draumkonserten, ”Ut med havet”, som var framført i Torskangerpoll tidlegare i haust.
Torskangerpoll Musikklag er i full gang med førebuingane til årets
nyttårskonsert i Samfunnshallen. Det har vorte tradisjon at korpset startar
det nye året med konsert der publikum kan få smakebitar frå
det rikhaldige repertoaret.
Oddgeir Bruaset og dei andre solistane er på plass når Torskangerpoll
Musikklag set opp konserten, ”Ut med havet” inne i Samfunnshallen
på nyåret.
- Dette blir ei annleis oppleving enn det dei mange fekk ute i Torskangerpoll
i haust. Men vi trur dette også kan bli spektakulert og stemningsfylt,
seier komponist og dirigent Idar Torskangerpoll.
Han er tilbake i Måløy og skal leie konserten 5. januar 2008. Mesteparten
av konserten blir den spesielle historia, ”Ut med havet”.
I tillegg blir det andre smakebitar av populærmusikk med dyktige solistar,
pluss at publikum vil få høyre stykket ”Kaleidoscope”
som korpset skal delta i Norgesmeisterskapet for brassband i Bergen. Det skjer
ein månad etter nyttårskonserten.
- Det er mange som har spurt om den heilt spesielle konserten, ”Ut med
havet”, ute i Torskangerpoll i haust blir framført på nytt.
No prøver vi oss igjen, sjølv om det blir ei litt anna ramme enn
det var mellom fjella og fjorden ute i Torskangerpoll, seier leiar i Torskangerpoll
Musikklag, Johan Einar Wåge.
Dette er ei framstilling av kystkulturen frå tidleg på 1900-talet
i ord og tonar. Dette er historia om kystkvinna, fiskaren og naturen. Rolf Losnegård
har laga ei sterk historie om livet i og rundt rorbumiljøet i Torskangerpoll.
Oddgeir Bruaset skal vere forteljar. Som solistar blir ein av Noregs beste tubaistar,
Eirik Gjerdevik og trombonist Anette Marie Lund Torskangerpoll. Gjerdevik har
hatt eit tett samarbeidet med Torskangerpoll Musikklag i mange år, og
skal dirigere korpset under NM.
Lund Torskangerpoll er ein mykje brukt solist, og er kona til Idar Torskangerpoll
som altså har komponert musikken til denne kysthistoria.
- Når denne oppsetjinga som vi hadde stor suksess med ute, blir sett opp
inne i Samfunnshallen, vil vi bruke andre effektar til å forsterke historia.
Vi trur dette kan bli flott. Det er eit heiltent korps som gler seg til å
gje folk i ytre Nordfjord ein flott musikalsk start på det nye året,
seier Idar Torskangerpoll.
Dette skreiv Fjordenes Tidende: Under er det bilder frå draumehelga.
Spektakulær draum på fjorden
Laurdag vart draumen til Torskangerpoll Musikklag om ein utekonsert
mellom fjella i Torskangerpoll verkeleg, til stor begeistring både blant
publikum, deltakarar og sponsorar.
Birgit Vartdal
Sjølv var han også høgt oppe etter den eksperimentelle
konserten.
- Dette har vore eit utruleg spennande prosjekt, som har gitt oss mot, og ei
god kjensle av at publikum har likt det vi har gitt dei, seier Johan Einar Wåge,
leiar i Torskangerpoll Musikklag.
For det var takka vere han at publikum, musikarar og innbyggjarar i den vesle
bygda fekk ta del i denne heilt spesielle opplevinga. Det var han som for om
lag eitt år sidan, utan at nokon visste om det, sat seg ned og formulerte
ein søknad til Norges Musikkorps Forbund (NMF) og Norsk Tipping sitt
«DRØM-prosjekt». Gjennom dette prosjektet kan korps over
heile landet søkje om støtte til å få oppfylt ein
draum. Torskangerpoll Musikklag var eitt av tre korps som fekk tildelt midlar
i år.
Overrasking
- I søknaden spelte eg på at dette skulle bli ein konsert for folk
som bur her i Torskangerpoll. Eg fortalde om dei spesielle lydforholda som finst
her mellom fjella, og skreiv at vi gjerne ville ha med oss Idar Torskangerpoll,
som er her ifrå som komponist og dirigent. Først då eg fekk
vite at vi var trekte ut som vinnarar av stipendet, sleppte eg bomba for korpset
og for Idar, som nesten ikkje trudde at et var sant, fortel Wåge.
Etter kvart vart Wåge sin draum også andre sin. Då konserten
var over seint laurdag kveld, og musikarane hadde kome seg til land og under
tak i Vikabu, var det klart at det var mange som hadde fått ønskja
sine oppfylt. Kanskje særleg dirigenten sjølv, Idar Torskangerpoll,
som voks opp berre nokre få åretak frå lekteren der det 70
musikar store orkesteret han dirigerte sat under konserten.
Personleg og nært
- Å dirigere konsertar er jobben min, noko eg kanskje gjer ein gong i
veka. Men dette var meir enn jobb for meg, fordi det var så personleg
og nært. Det har med at vi spelte musikk som eg veit har stor verdi for
mange. Ikkje regna det heller under konserten, så vi hadde verkeleg gode
krefter med oss, meinte han.
At det var opplett i regnbygene gjorde nok opplevinga litt hyggjelegare både
for musikarar og publikum, men alle hadde kledd seg godt og var budde på
de meste. For det heilt spesielle med denne konserten, var at musikken skulle
spele på lag med naturen og vêret.
Under open himmel
Konserten gjekk føre seg under open himmel i skyminga. Orkesteret, som
var sett saman av musikarar frå Torskangerpoll Musikklag og Langhus Brass,
sat på ei flytande scene midt ute på fjorden, medan publikum benka
seg i grasbakkane ovanfor. Men musikarar var også plasserte rundt om i
naturen. Ein trompetsolo frå fjellsida slo an tonen i starten og fekk
svar både frå orkesteret på lekteren og frå ei gruppe
musikarar i ein fiskebåt lenger inne i vågen. Då musikken
stilna etter første nummer, byrja TV-kjendis Oddgeir Bruaset å
fortelje historia om kystkvinna og fiskaren, som forfattar Rolf Losnegårg
hadde skrive spesielt for denne framsyninga.
Glede og sorg
Gjennom denne historia vart vi kjende med det dramatiske livet til den fattige
fiskaren Olaus Pedersen Avløp, som forelska seg i rikmannsdottera Dorte
Abrahamsdotter Drage. Hovudpersonane var oppdikta, men dei dramatiske liva deira
har nok mange likskapstrekk med liva til fiskarkoner og fiskarar som har levd
i Torskangerpoll i tidlegare generasjonar. Det handla om kampen for levebrødet,
frykta for naturkreftene, fiskarkona si uro for han som var ute på havet
og fiskaren sitt sakn etter familien heime, om kvardag, fest, sorg, kjærleik,
sjalusi og gjensynsglede. Dei ulike stemningane vart understreka av musikken
som Idar Torskangerpoll hadde komponert sjølv eller kjende melodiar som
han hadde gitt ny innpakning. Etterpå var publikum mektig imponerte.
Imponerte
- Dette var spektakulært og veldig bra. Torskangerpoll er ein fantastisk
plass å arrangere ein slik konsert. Historia var veldig gripande og scena
og lyssetjinga skikkeleg flott, sa Jan Arne Holm frå Vågsvåg.
Det var Liv Angelshaug frå Vedvik samd i. Eg syns det var ein kjempeflott
konsert, stemninga og alt var heilt spesielt, sa ho.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |