Oddgeir Bruaset, journalist i NRK og kjent blant anna for serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” og fleire bøker, blir forteljar i Torskangerpoll sin draumekonsert.

Leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Wåge, er godt fornøgd
med at den kjende NRK-stemma til Oddgeir Bruaset blir raud tråd i den
spesielle utekonserten i Torskangerpoll laurdag 8. september.
- Bruaset kjenner kystkulturen, og skal fortelje historia om dei som har levd,
og framleis lever av og på sjøen. Han veit og korleis livet til
fiskarkvinnene, som hadde ansvar for heim og barn, hadde det før. Og
det er dette denne konserten, ”Ut med havet”, handlar om, seier
Wåge.
Musikken erspesialkomponert av Idar Torskangerpoll, og teksten er av Rolf Losnegård.
Oddgeir Bruaset ser på dette som ei spanande utfordring.
- Det høyrest kanskje rart ut. Men dette er i grunnen første gong
eg skal framføre noko andre har forfatta. Når eg lagar TV og radio
så framfører eg mine eigne tekstar, seier Bruaset.
- Det blir og ein ny situasjon for meg og stå andlet til andlet med både
naturen og tilhøyrarane, som eg vil gjere i Torskangerpoll. Når
eg lagar radio og TV har eg ikkje same direkte kontakt med mottakarane.
- Kvifor takka du ja til denne utfordringa.
- Det var sjølvsagt smigrande og bli spurd. Eg tykte konseptet med ein
konsert på ein flåte ute på fjorden i eit fiskevær høyrtest
spanande ut. Dessutan skreiv eg ei bok om Nordfjord i fjor. Då var eg
rundt om på mange stadar i Nordfjord, blant anna i Torskangerpoll, som
er ein flott stad i seg sjølv. Eg er generelt oppteken av ulike typar
kulturar både på kysten og fjellhyllene lengre inne i landet, seier
Bruaset.
- Han vedgår at han endå ikkje har sett manuset til denne førestillinga,
men er blitt fortalt kva denne historia handlar om.
Oddgeir Bruaset har jobba i NRK Møre og Romsdal sidan 1971. Dei første
åra med radioprogram, sidan 1982 berre med fjernsyn. Før han byrja
i kringkastinga arbeidde han som lærar i Volda.
Oddgeir Bruaset har laga ei heil rad større tv-produksjonar. Han stod
bak det oppsiktsvekkjande dokumentarprogrammet om Rødseth-saka. Han har
dramatisert livet på dei gamle fjord- og fjellgardane. Han har skildra
den norske kystkulturen gjennom tidene, han har levandegjort diktarane Ivar
Aasen og Arne Garborg og fortalt historia til julesongane våre –
for å nemne noko. Fleire av programma er viste i utlandet og har fått
internasjonale utmerkingar.
Siste åra har han laga serien, ” Der ingen skulle tru at nokon kunne
bu”. Ein serie der han har møtt menneske som bur utanom allfarveg,
og der alt ikkje er like enkelt med kommunikasjonar og liknande.
Oddgeir Bruaset, som også er forfattar og har skrive 12 bøker,
fekk Sunnmørsprisen i 1991, Kringkastingsprisen i 1994 og Fylkeskulturprisen
i Møre og Romsdal i 1999.