Radio-orakelet Ane Barmen

Hon Ane har fått seg jobb
som kulturreporter i verdas eldste kvinneradio, RadiOrakel i Oslo.
Der lagar ho eitt kulturinnslag i veka for å tipse Oslofolk om kulturarrangement
ho syns dei bør få med seg. Arbeidet er på frivillig basis
og teke ein del tid, men Ane syns det er ryse kjekt å vere reporter. Nyleg
vann ho ein fin diplom og premie for månadens beste innslag på radioen,
som handla om bruktmarknader i Oslo.
Ane kan fortelje at premien bestod av ei RadiOrakel-t-skjorte, og ein svært
dårleg film, nemleg "High School Musical 2".
Ho såg filmen for ikkje så lenge sida, og vil på ingen måte
anbefale han til andre. Totalt bortkasta tid, meiner Ane.
Diplomen var det derimot ingen ting å seie på, og den heng på
kjøleskapet i Oslo! (Av: Lina Wåge)