Arne Torskangerpoll 75 år
15. mai fylte Arne Torskangerpoll 75 år. Den store dagen blei
feira i Våge Oppedal Grendahus mandag 15. mai klokka 19.00.
Det var ope hus, og dei som ville kome å feire dagen med Arne med kake
og kaffi var hjarteleg velkommen. Rundt åtti personar møtte opp,
og det vart ei fin feiring.
Sigmund Haugstad møtte med ein flott prolog til jubilanten. Helge Oppedal
talte og snakka om sitt forhold til både kotpset og Arne. Johan Wåge
leia festen som kom i stand etter initiativ frå Torskangerpoll Musikklag.
Sigrid, Rigmor, Ingrid og Aasta og familien til Egil Moe, ordna med smørbrød
og kaker. Under kan de sjå glimt frå feiringa.
Arne har levd for korps og musikk i alle år. Sjølv om helsa ikkje
er som den var, er han framleis på alle øvingar og arrangement
med korpset.
Arne starta i Torskangerpoll Musikklag som 14-åring i 1945 - same året
krigen var slutt. Arne hugsar godt maidagen dette året då han og
faren kom inn frå sjøen, og for første gong på fem
år såg norske flagg som vaia i den lette vårvinden. Å
få beskjeden om at dei tyske okkupantane hadde gjeve opp, og Norge var
fritt, var stort.
Arne gjekk i faren Isak sin musikkskule, og starta å spele klarinett.
Det ikkje faren lærte han, lærte han seg sjølv. Fire år
seinare, tok han over dirigeringa etter faren som hadde dirigert korpset i fleire
tiår. Arne var først spelande dirigent. Seinare vart det kun dirigering.
Han har dirigert Torskangerpoll Musikklag i 50 år, og har laga over 600
korpsarrangement.
Arne har fått alle dei heidersteikn som Norges Musikkorps Forbund deler
ut. Han har i tillegg fått Vågsøy Kommune sin kulturpris.
Fram til Arne vart sjuk førte han detaljert dagbok over alt som korpset
føretok seg. Arne visste nøyaktig kven som var på siste
øvinga før julekonserten for 49 år sidan, kvar musikkstemnet
for 30 år sidan var, og kva melodiar korpset spelte. Han visste nøyaktig
kva marsjar som vart brukt 17. mai i 1976, og på meteren kvar dei ulike
marsjane starta.
Sjølv om helsa ikkje er som den var, er han smilande og levande oppteken
av musikk. Han lever seg framleis inn i musikken med kropp og sjel.
Det var ein smilande og blid 75-årsjubilant som feira 15. mai. Vi gratulerer.
![]() |
![]() |
| Aasta, Sigrid, Arne og Rigmor | Det var ein rørt jubilant |
![]() |
![]() |
| Her les Sigrid opp prolog som Sigmund Haugstad har laga til Arne | Johan leia festen |
![]() |
![]() |
| Torskangerpoll Musikklag hylla jubilanten med sang og musikk. | Det vart litt Arne-musikk |
![]() |
![]() |
| Kake høyrer med | Mange gaver til jubilanten |
![]() |
![]() |
| John Inge og Lina som solistar | Og gjestane såg ut til å kose seg. |