Svingande og stilfull nyttårkonsert

Nyttårskonserten laurdag 7. januar 2012 vart ein stor suksess.
Korpset spelte to avdelingar, Storband først og meir klassisk i andre avdeling.
Jørn Kvalheim og elevar frå Christines Dansesstudio i Måløy var med på konserten
Her kan du sjå det Fjordenes Tidende skreiv om konserten.
Les meir i vredens Gnag.
Klart for nyttårskonsert
Torskangerpoll Musikklag feirer det nye året med nyttårskonsert
i Samfunnshallen laurdag 7. januar.
Første laurdagen i det nye året blir det mykje flott musikk i Samfunnshallen.
Då arrangerer Torskangerpoll Musikklag sin tradisjonelle nyttårskonsert
med stor spennvidde i musikken.
- Her blir det musikk for ein kvar smak, seier korpset sin dirigent i mange
år, Lisbeth Helen Våge.
Ho lovar ein fin miks av populærmusikk og tradisjonell nyttårskonsertmusikk.
Blant anna skal det framførast eit storbandprogram som korpset brukte
under Nordvestmeisterskapen tidlegare i haust.
Våge lovar at publikum får høyre mange dyktige solistar.
Korpset som tel rundt 30 musikantar er i god form. Musikantane kjem frå
heile Vågsøy kommune. Nyttårskonserten er vårt store
mål denne vinteren, seier Våge.
- Det har blitt ein tradisjon at Torskangerpoll Musikklag startar året
med nyttårskonsert første helga i januar. Dette er åttande
året at vi spelar inn det nye året. Vi kan ikkje tenke oss finare
måte å starte eit år på enn med musikk, fortel leiar
i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
- I år skal måløyartisten Jørn Kvalheim vere med å
vise fram sitt songtalent. I tillegg skal dansarar frå Christines Dansestudio
i Måløy vere med på konserten, fortel Wåge.
- Vi håpar at folk møter opp til tradisjonen med nyttårskonsert
like fulltalige som tidlegare år. Vi skal kvittere med speleglede, seier
Wåge.
