Holvik skulekorps til topps
Holvik Skulekorps vann brassklassen i klasse 1 for skulekorps under
Tomra Ørskog Festivalen laurdag der det deltok fire korps.


Holvik Skulekorps, dirigert av Roar Ståle Vedvik, spelte Månemannen
og Diogenes, og fekk 93 poeng som var høgste poengsummen i konkurransen
av samtlege skulekorps.
Holvik skulekorps fekk også pris for beste norske stykke under konkurransen
og for beste konkurransestykket av alle skulekorpsa som deltok.
- Vi er kjempefornøgde. Nivået på mange som var med var høgt.
Musikantane frå Holvik gjorde ein svært god jobb, og kan trygt kalle
seg Nordvestmeistrar, seier ein glad dirigent Roar Ståle Vedvik.
I Holvik var det feiring med is og brus då dei kom tilbake søndag
ettermiddag. Holvik stilte også med to ensemblegrupper i konkurransen
og dei fekk 3. og 4.-plass.