Juletrefest i Grendahuset i Vågsvåg
Tysdag 28. desember klokka 17 var det igjen klart for vår tradisjonelle
juletrefest i Grendahuset.
'

Foto: Johan Einar Wåge
I år hadde vi valgt å arrangere denne utan åndeleg hjelp
frå Frelsesarmèen. Komitèen starta tillaginga allereie kvelden
før av bord, stolar og pynting av juletre. Påsmøring av
julebrødskiver vart gjennomført ein time før festen starta
med Sondre som ansvarleg. Litt før klokka 17 begynte folk å komme.
Bygdefolk i alle aldrar og fasongar kom strøymande til , og det gjekk
ikkje lenge før alle borda var fylt opp. John Inge hadde laga ein heimedikta
song med melodien ”musevisa”, der han song kva som skulle skje utover
kvelden. Etter åpningssongen var det tid for korpset si avdeling. Lisbeth
var fråverande og Harald hadde steppa inn som vikar. Vi starta med eit
eksperiment av ein julesang, ”Det hev ei rose sprunge” der vi tok
på sparket Harald sine instruksjonar. Neste stykke var Julesang med solist
Terje, etterfulgt av Glade Jul med solistar John Inge og Ola og Deilig er Jorden
som avslutning.
No var det tid for kaffi, kaker og julebrødskiver. I tillegg hadde vi
valgt å ha eit lotteri for å dekkje inn utgiftene til festen. Hjertelodda
til Frelsesarmèen var ikkje tilgjengelege så vi hadde funnet fram
nokre gamle treårar som Hans Wåge hadde laga i si tid. Det var fleire
seriar med ulike fargar. Salet gjekk strålande og vi solgte unna 4 seriar
på eit blunk. Folk kosa seg med god mat, drikke og god juleprat ei stund
før John Inge tok mikrofonen og fekk med seg alle ungane for å
rope på nissen. 1 2 3, N I S S E M A N N !! Etter ein to tre gongar kom
endeleg nissen med pakkar til borna. Han såg litt pjusken ut i år,
skulle tru han ikkje hadde fått mat i år. Vi slutta av matøkta
med å trekkje på årane.
No var det tid for kveldens høgdepunkt, gang rundt juletreet. Asbjørn
hadde for anledninga fått laga og trykt opp nye hefter med alle dei kjende
og kjære julesongane. Terje hadde tatt med seg ”rukka” si
(trekkspelet altså), medan Johan og Asbjørn stod på kvar
si side og var forsangarar. Vi song alle dei kjende songane og gjekk rundt trèet
ei god stund. Fold det gamle merkje var også med på repertoiret.
Etter gang rundt trèet velsigna Johan oss med nokre gode ord før
alle gjekk ut døra og heim. Dette vart ein fin fest som vi håpar
vil fobli i mange juler framover. Som siste verset i songen John Inge skreiv
kan vi oppsummere:
Mel. Musevisa
No è vi allje glade, fornøgde kvar og ein.
Nok ein fest è over, no skal vi snart gå heim.
Vi håpar allje får ei, trivleg juletid.
Ta med humøret heim, så blir jo alle blid….

Tirsdag 28.
desember kl. 17.00
på Våge/Oppedal grendehus
Ta med heile familien på verdas
kjekkaste juletrefest.
Torskangerpoll Musikklag spelar
Vi går rundt juletreet og får
besøk av nissen.
Det blir kaffi, kaker og julebrødskive.
Sal av lodd
Arrangør: Torskangerpoll Musikklag