Holvik skulekorps skal vere med på Sogn og Fjordane Meisterskapen i Florø i april og blir glad for øvingshjelp frå Torsdkangerpoll Musikklag.

I helga, 8. og 9. mars, har dei øvingshelg i Holvik, og korpsleiar John Svarstad og dirigent Roar-Ståle Vedvik håpar musikantar frå Torskangerpoll Musikklag kan hjelpe til.
- Det handlar om å hjelpe ulike grupper med notelesing og litt speling. Alle som vil er velkomne i helga, seier Svarstad.
Øvingstider:
Lørdag:10.00 til 16.00
søndag frå 11.00 til 15.00
Og så er det viktig å informere om at Holvik Skulekorps har basar og skal halde konsert på søndag 9. mars klokka 16.00.
Møt opp og støtt framtidas musikantar.