Storslått opningsfest
Det vart ein flott opningsfest av Gravdal Skule laurdag 12. juni.
Det gamle skulhuset er blitt eit flott museum. Dugnadsgjengen, med Harald Oppedal i spissen, fortener stor honnør for å ha sett i stand huset, og laga ei unik samling. Johan Sandvik, son av tidlegare lærar i Gravdal skule, stod for sjølve opninga.
Det blir meir glimt frå opninga i VG. Bilda er tekne av Johan Wåge.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Dette var førehandsomtalen
Gamle Gravdal skule blir bygdehus
Laurdag 12. juni er det opning
Så har Torskangerpoll Musikklag rusta opp gamle
Gravdal skule og laga kulturhistoriske samlingar for bygdene Vågsvåg,
Torskangerpoll, Færestrand og Oppedal. 12.juni opnar dei huset som er
meint å skulle få fleire funksjonar i bygdene.
Program for opning:
Lørdag 12. juni:
Kl. 13.45: Torskangerpoll Musikklag marsjerer frå Skaret og til Gravdal
Kl. 14.00: Samling i skulestova.
Musikkgruppe frå TML
Velkomsttale
Offisiell åpning
Prolog
Fiolinmusikk
Helsingar
Musikkgruppe frå TML
Bevertning for deltakarar i åpningsseremonien
Fra kl. 1600 blir det åpent hus KAFE`.
Søndag 13.juni:
Åpent hus fra kl 1200 til 1800. KAFE`

– Målet er å samle og formidle historia frå bygdene.
Huset skal innehalde historia til Torskangerpoll Musikklag, lag og foreiningsdrift,
gardsdrift, daglegliv, fiskeri og skule, fortel Asbjørn Våge i
Torskangerpoll Musikklag. Det er musikklaget som har teke initiativet til å
samle historia på denne måten og blåse nytt liv i huset.
– I mange år fungerte Gravdal skule som grendahus for bygdene i
vestre krins. Det var ofte møter, basarar, juletrefestar og andre sosiale
hendingar i huset. Musikklaget, som eigar av huset, har heile vegen lagt ned
mykje dugnad for å halde huset i stand, og som har vore eit godt grunnlag
for opprustinga i høve dei historiske samlingane som no vert stilt ut
her. Vi ønskjer og at huset igjen blir eit samlingspunkt, og ikkje berre
eit hus som stiller ut gamle gjenstandar. Tanken er at det skal bli eit levande
grenda- og kulturhus, der unge og gamle brukar huset, ein skal kunne leige det
til møter og ulike arrangement. Vi håpar og at huset skal kome
til nytte att for skuleverket, som forhåpentleg kan bruke huset i historie
og kulturundervisning, seier Våge.
Eldsjeler
Å få i stand den gamle skulen krev sjølvsagt ein monnaleg
frivillig innsats.
– Torskangerpoll Musikklag står bak, men som det ofte plar vere
er det nokre eldsjeler som har lagt grunnlaget og største innsatsen i
dugnaden. Harald Oppedal, ein av veteranane i korpset fekk ideen alt i 2006.
Forprosjektet starta i 2007. Harald saman med Rune Færestrand har gjort
svært mykje arbeid med innsamling av gjenstandar, registrering samt restaurering
av bilete og tekst. I tillegg til at det har vore betydeleg innsats frå
fleire andre lagsmedlemmar, fortel Våge.
– Kvifor har de lagt så mykje arbeid ned i eit gamalt skulehus?
– Dei fleste som har vore med har sjølve gått på skule
i bygget, er medlemmer i musikklaget, og har vakse opp med miljøet omkring
dette huset. Huset er på ein måte litt av ein sjølv, og difor
ønskjer vi å vidareføre historia til nye generasjonar, og
skape ny aktivitet i huset, slår han fast.
Gamle og nye venner
Den offisielle opninga vert laurdag 12. Juni kl. 14.00.
– Alle dei gamle, nolevande elevane frå skulen er invitert. Mange
har diverre gått bort dei siste åra, men vi har motteke gledelege
meldingar frå fleire, også langvegs frå, som gler seg mykje
til å kome attende for eit attersyn med fortida si. Gjester frå
det offentlege, og kjærkomne sponsorar er også inviterte til rikhaldig
program av musikk, taler, helsingar og god mat, forklarar Våge, som også
ønskjer at ålmenta skal få glede av huset. – Vi freistar
få eit samarbeid med turistinformasjonen så folk kan kome og oppleve
utstillingane, og vi vil prøve å halde ope så mykje vi kan
med dei ressursane vi har til rådigheit. Betjeninga av huset blir mykje
basert på dugnad. Det er og planlagt undervisningsmateriell skular og
barnehagar kan bruke ved besøk i huset, fortel han.
Ei historie om fisk
Torskangerpoll har frå gamalt av ord på seg for å være
eit av dei beste fiskeværa på Vestlandet.
– Det har vel med beliggenheita å gjere, forklarar Våge. –
Pollen ligg fint til inne mellom fjella med storhavet rett utanfor, og godt
innsig av fisk og sild i dei gode åra. Det var ikkje mange fastbuande
i Torskangerpollen, på det meste rundt 20 familiar. Når fiskesesongane
nærma seg kom tilreisande fiskarar i hundretal, på det meste omkring
500, som budde på fiskebuene og havstovene. Nokre var og leigebuarar hos
dei fastbuande. Fleire av buene og havstovene er borte i dag, men det står
framleis mange att. Historia til Torskangerpollen skriv seg langt attende. Sannsynlegvis
har det vore godt fiske og busetnad heilt attende til 15– 1600-talet.
Dei eldste bygselbrev ein kjenner til er frå siste halvdel av 1700-talet.
Men det er sannsynleg at busetnaden er eldre.
Fiskeri
Dei fastbuande har livnæra seg på fiske og litt jordbruk på
det nesten utilgjengelege fjellterrenget.
– Husdyrhaldet gav dei kjøt, mjølk og andre slike produkt,
som ein treng. Med mennene på fiske mykje av året var det naturleg
for heimeverande kvinner å søkje saman for å høyre
nytt frå fiskeriet og drøse om daglegdagse ting. Difor blomstra
det eit rikt lags- og foreiningsliv i bygdene, som sveisa dei saman og vart
ein sosial reiskap for å klare den tøffe kvardagen det ofte var.
Ikkje sjeldan kom den triste bodskapen om at ein fiskar hadde omkomme på
havet, då var det viktig, og vanleg, at ein stilte opp for kvarandre og
hjelpte til der det var naudsynt, seier Våge.
Skulen kom etter kvart til, og tente i 51 år som lærestad for dei
unge i bygdene i Vestre Krins.
– Før den tid hadde ein omgangsskule, med lærarar som gjekk
frå bygd til bygd for å halde skule daglegstover i eit av husa i
bygda. Gravdal Skule vart bygd i 1907, som skule for Våge krins, men etter
kvart også for Torskangerpoll, Færestrand og Oppedal. Skulen var
i drift til 1958, då var Våge/Oppedal Skule i Vågsvåg
reist og tok over, fortel han.
For full musikk
Torskangerpoll Musikklag kom nokre år etter skulen, men vart ein flittig
brukar.
– Laget vart skipa i 1920, av nokre karar frå Torskangerpoll og
Færestrand som hadde snakka ei stund om å få i stand eit musikkorps.
Dei samla sju karar og starta opp, problemet var å få tak i instrument.
Dyrt var det og, så dei bestemte seg for å låne pengar til
instrument. Det var ikkje vanleg å låne til slikt i dei dagar, så
dei var forut si tid. Alle sto som garantistar for lånet, dermed kunne
dei investere 1.600 kroner i instrument. For å betale tilbake lånet
stilte bygdefolket opp og skipa til basarar, korgafestar, teater og gav private
tilskot. Øvingslokale fekk dei på loftet på skulen, der dei
sat i ring på golvet med spyttebakken i midten. Ein kan jo berre tenke
seg korleis instrumenta såg ut innvendig etter ei stund, humrar Våge.
– Etter som medlemstalet vaks vart loftet for lite, og kjellaren vart
teken i bruk. Då skulen flytta overtok musikklaget huset frå kommunen
for 1 krone, og flytta opp i hovudetasjen. I dei siste åra har korpset
vakse ut av huset, og difor har ein måtte flytte øvingane til Frelsesarmeen
sine lokale til Måløy, seier Våge.
Positiv tilvekst
Vi vonar at det arbeidet som er lagt ned i dette huset og desse samlingane, vil tilføre livet i bygdene våre noko nytt og positivt. Bygdene er i ferd med å verte avfolka, og alt som kan bidra til at noko kjem attende er etter vår meining svært positivt, avsluttar Våge.