Dette skriv Fjordenes Tixdende:
Hyller kvinnene på Rockefeller
Ane Barmen og Ragnhild Torvanger Solberg frå Vågsøy og Bremanger skal hylle kvinnene med konsert på Rockefeller laurdag.


Ane Barmen (22) frå Vågsøy og Ragnhild Torvanger Solberg
(21) frå Bremanger skal i morgon stå på ei av dei mest kjente
scenene i Norge for å hylle kvinnelege artistar og låtskrivarar.
Og det skjer på kvinnedagen, 8 mars.
Dei to nordfjordjentene studerer musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. I faget
musikkformidling har dei vore ein del av ei gruppe som har arbeidd med å
sette opp ein konsert.
- Gruppa mi bestemte seg for å lage ein konsert der vi hyllar kvinnelege
artistar og låtskrivarar i populærmusikken. Vi bestemte oss for
å ville gjere noko i samband med kvinnedagen 8. mars, seier Ane som kjem
frå Vågsvåg i Vågsøy.
- Vi kontakta Kvinnefronten, som er med på å arrangere Ladyfest
i Oslo. Det føregår heile fram til 8. mars. Dei har fokus på
kvinner i kunst, litteratur og musikk, og det det blir arrangert forskjellige
konsertar og kulturarrangement heile veka, fortel Barmen.
- Dei var interesserte i konserten vår, og har altså ordna oss spelejobb
på 8. mars-festen på hovudscena på Rockefeller laurdag. Dette
er ei scene som er brukt av mange kjende artistar til store konsertar. Det blir
kjempespanande, seier Barmen.
Ho fortel at det er mange artistar som skal opptre, og at dei skal varme opp
for ein passe kjend norsk artist.
- Kven det er skal vere ei overrasking laurdag, så eg kan ikkje seie kven
det er, fortel ho.
Bandet som dei har starta heiter PMS, som er ei forkorting for Pene Menneske
Spelar. Det består av folk frå klassa til Barmen og Solberg.
- Vi spelar musikk av artistar som Aretha Franklin, Tina Turner, Lisa Ekdahl,
Patti Smith og Christna Aguilera. Konserten skal opne med 'Respect' av A. Franklin,
og vi håpar med denne konserten å rette fokus mot alle dei flotte
og talentfulle kvinnene i musikken og gje dei den merksemda dei fortener, seier
Barmen.